Førehandsrøysting

Ordinær førehandsrøysting vert gjennomført i perioda 12. august til og med 06. september.

Veljaren har sjølv ansvar for å røyste så tidleg at røystinga kjem fram til valstyret innan tysdag 10.09. kl. 17.00. Røystestad er servicetorget på Herøy kommune (opningstid mandag - fredag klokka 09.00 til 15.00) og Herøy Folkebibliotek (biblioteket sine opningstider).

Førehandsrøysting ved helse og omsorgssenter:

Herøy helse og omsorgssenter, er sett til 03.09.19 kl 10-12.

Myrvåg helse og omsorgssenter, er sett til 04.09.19 kl 10-12.

 

Førehandsrøyste frå utlandet

I utlandet kan du røyste på norske utanriksstasjonar og hos røystemottakarar i utlandet. Det er mogleg å røyste på Svalbard og Jan Mayen.