Avløp

Alle eigarar av bustader, fritidshus og næringseigedomar som er tilknytt kommunal avløpsleidning, ev. via leidningsanlegg i privat eige, er ein del av avløpstenesta. Kommunen kan krevje at eigedom vert tilknytt kommunal avløpsleidning når denne går i rimeleg nærleik til eigedomen, og tilknytinga elles kan gjennomførast utan uforholdsmessige store kostnader

Tenesta består av:

  • Utbygging og vedlikehald av kommunalt leidningsnett og kommunale renseanlegg/silanlegg.
  • Transport og handsaming av avløpsvatn i kommunalt leidningsnett.
  • Reinsing av avløpsvatn i kommunale slamavskiljarar og silanlegget i Grønhaugen og på Kleivaneset.
  • Utslepp av restavløp til godkjend resipient.
  • Transport og deponering av oppsamla slam frå slamavskiljarar og silanlegg.

Kva kostar det?

Årsgebyr for avløp består av ein fast del (abonnementsgebyr) og ein variabel del (forbruksgebyr).

  • Abonnementsgebyr: Alle bustadar- og fritidseigedomar betalar eit fast abonnementsgebyr.
  • Forbruksgebyr: Vert utrekna i frå målt forbruk via vassmålar eller ut i frå bustadens bruksareal (BRA). Forbruk ved næringseigedomar fastsettast ved bruk av vassmålar.
Avløpsgebyr for bustad 2018
Gebyr . pris u/mva pris m/mva
Abonnementsgebyr 2836 3545
Forbruksgebyr inntil 150 m2 1474 1842,50
Forbruksgebyr frå 151 - 299 m2 2739 3423,75
Forbruksgebyr frå 300 m2 4654 5817,50

 

Avløpsgebyr næringsbygg 2018
Gebyr . pris u/mva pris m/mva
Abonnementsgebyr 2836 3545
Forbruksgebyr Inntil 500 m2 4509 5636,25
Forbruksgebyr frå 501-2000 m2 12810 16012,50
Forbruksgebyr frå 2001-4000 m2 32457 40571,25
Forbruksgebyr frå 4001-5500 m2 65504 81880
Målt forbruk (vassmålar) pr. m3 14,50 18,12

Er du ikkje knytt til kommunal avløpsleidning? 

Alle eigedomar med innlagt vatn (anten frå vassverk, brønn, cisterneanlegg eller liknande), men som ikkje er knytt til kommunal avløpsleidning, skal ha kommunal slamtøming dersom dei ikkje er tilkopla avløpsleidning der anna renseordning inngår. Ein må også ha godkjent avløpsordning gjennom søknad om utsleppsløyve av sanitært avløpsvatn.

Dette kravet er heimla i forureiningslova og i plan- og bygningslova.

Kontakt

Fred Arnesen
Avdelingsleiar anlegg og drift
E-post
Mobil 488 97 570