Vassmålar

Alle næringsbygg, driftsbygningar, offentlege bygg og kombinasjonsbygg er pålagde å ha vassmålar.

Kven kan få vassmålar?

Alle innbyggarar som er knytt til det offentlege avløpsnettet kan installere vassmålar.

Kven installerer vassmålaren, og kven må betale for den?

Installasjon av vassmålar skal utførast av ein godkjend rørleggjar i samsvar med det til ei kvar tid gjeldande reglement.

Abonnenten må sjølv koste installasjon av vassmålar.

Slik les du av vassmålaren

Eit kort for vassmålaravlesing vert sendt til abonnentane i desember kvart år. På kortet finn du informasjonen du treng for å kunne melde inn målarstanden.

Oppgjer

Årsoppgjer på vassmålar er alltid i 1. termin kvart år. Beløpet (akonto) vert alltid rekna ut i frå førre års forbruk.

Kva kostar det?

Årsgebyr for vassmålar tilsvarar avlaupsgebyr og består av ein fast del (abonnementsgebyr) og ein variabel del (målt forbruk).

  • Abonnementsgebyr: Alle bustadar, fritidseigedomar og næringseigdomar betalar eit fast abonnementsgebyr.
  • Forbruksgebyr: Vert utrekna i frå målt forbruk via vassmålar. Forbruk ved næringseigedomar fastsettast ved bruk av vassmålar.
Vassmålargebyr 2018
Vassmålar pris u/mva pris m/mva
Fast gebyr 2836 3545
Målt forbruk pr. m3 14,50 18,12

Kontakt

Fred Arnesen
Avdelingsleiar anlegg og drift
E-post
Mobil 488 97 570
Susann Fosnavåg
Servicevert/Konsulent
E-post
Mobil 468 30 212