Brøyting

Herøy kommune har ansvar for brøyting av kommunal veg, og dei med privat veg kan søkje om brøyting. 

Dette kan du forvente av snøbrøyting på kommunale vegar

Alle vegar kan ikkje brøytast på same tid. Det er difor sett opp følgjande prioriteringsliste for kommunal brøyting:

  1. Kommunale vegar.
  2. Gangvegar langs kommuneveg og fylkesveg.
  3. Haldeplassar / snuplassar med vidare for kollektivtransport.
  4. Vegar og plassar i tilknyting til offentlege helsesenter, legesenter, aldersheimar og sjukeheimar.
  5. Offentlege kaier og andre plassar som er opne for allmenn ferdsel.
  6. Vegar og plassar i tilknyting til skular og barnehagar.
  7. Private vegar med brøyteavtale med kommunen.

Normalt vil brøyting bli sett i verk når det har kome omlag 10-15 cm snø. Rydding av fortau i sentrum er huseigar sitt ansvar. 

Område kommunen ikkje brøyter

Brøyting av fylkesvegar og gang- og sykkelveg langs tidlegare riksvegar (strekninga Dragsund - Fosnavåg) er Statens Vegvesen sitt ansvar (tlf. 175)
Rydding av parkeringsplassane ved  gravplassane er kyrkja sitt ansvar (tlf. 70080260)

Dette må du vite om du har avtale om privat snøbrøyting

  • Vegen må vere oppmerka med brøytestikker.
  • Vegen må vere over 2,8 meter brei, vere jamn og godt grusa eller asfaltert.
  • Vegen skal vere minimum 25 meter.
  • Overhengande greiner m.v er rydda vekk med ei høgde på 4 meter.
  • Snutilhøva i enden av vegen er tilpassa det brøyteutstyret som vert nytta (traktor med brøyteskjer og frontlessar).
  • Den som har inngått avtale kan ikkje ha uteståande gjeld til Herøy kommune.
  • Det vert ikkje utført strøing av private vegar.
  • Avtalen gjeld til den blir skriftleg oppsagt.
  • Det er ulik prissats om lengda på vegen er under eller over 100 meter.
  • Private vegar har lågast prioritet og vert brøyta etter at kommunale vegar og andre prioriterte område er rydda for snø.

Korleis søkje om brøyting?

 

Kva kostar privat brøyting?  

Privat brøyting 2019: Privat brøyting er prisa ut frå sjølvkost. Det vil seie at kommunen ikkje skal ha utgifter, men heller ikkje inntekter på denne tenesta.
Privat brøyting 2019:
Beredskapsgebyr 1. halvår Beredskpasgebyr 2. halvår Brøyting inntil 100 meter Brøyting tillegg for kvar 100 meter
kr. 151,- kr. 551,- kr. 140,- pr. brøyting kr. 85,- pr. prøyting

Pris utan mva. 

Kommunen seier frå seg ansvar for skade som måtte kome på t.d. gjerde, murar og prydbusker som følgje av brøytinga. 

Kontakt

Torger Kvalsund
driftsingeniør anlegg og drift
E-post
Mobil 901 56 347
Lene Utseth
servicevert/konsulent/personvernombod
E-post
Mobil 468 12 890