Ny eller endra avkøyrsle

Skal du setje opp garasje og må lage ny avkøyrsle til kommunal veg? Eller skal du endre eksisterande avkøyrsle? Då må du søkje om det. Skal bruken til avkøyrsla bli endra, til dømes dersom fleire bueiningar vert knytt til avkøyrsla, må du også søkje. Dersom det gjeld avkøyrsle til Fylkesveg, må du søke hos Statens Vegvesen.

Avkøyrsel til kommunal veg

Reguleringsplanar kan ha føresegn som fråvik frå desse retningslinene

Vilkår for avkøyrsle etter “Rettleiing for dimensjonering av vegar med tilhøyrande areal (PDF, 881 kB)” vedatt i kommunestyret 28.11.13:

  • Avkøyrsel til eigedom skal opparbeidast med 90 graders vinkel i tilknytingspunktet med annan veg.
  • Snuplass skal opparbeidast på eigen grunn.
  • Avkøyrselen kan ha ei bredde på maksimalt 7 meter og minimum 3 meter.
  • Maksimal stigning/fall i avkøyrselen er 2,5 % dei første 5 meterane frå vegkant. Avkøyrselen må ikkje leie vatn inn på kommunal veg.
  • 3 meter inn i avkøyrselen (målt frå kant kommunal veg) skal ein kunne sjå minst 25 meter til kvar side av vegen. Har vegen eit fall på 5 % eller meir er kravet 30 meter. Ved avkøyrsle frå samlevegar (50 km/t) er krava strengare.
    Innanfor frisiktarealet er det ikkje tillate med terreng, vegetasjon, gjerde eller liknande høgare enn 0,5 meter over tilstøytande vegar sine nivå.
  • Under avkøyrselen må det leggast rør med dimensjon på minimum 200 millimeter.

I tillegg til desse vilkåra spelar trafikktryggleik ei stor rolle. Det er ikkje ønskeleg med meir enn ein avkøyrsel til kvar eigedom, og ikkje mange avkøyrslar langs ei kort strekning. Fellesavkøyrsel må difor nyttast der det er mogleg.

 

Avkøyrsel i samband med garasje

  • Er garasje plassert mot veg er det sett eit krav om minimum 5 meter avstand frå garasje til eigedomsgrense mot veg.
    Vert garasje plassert parallelt med veg er minste avstand frå garasje til eigedomsgrense mot veg 3 meter.

Kva kostar det? 

Vi tek normalt sett ikkje gebyr for søknad om endring av avkøyrsle. Vert det søkt i samband med ein byggjesøknad, kjem byggesaksgebyr. 

Ein søknad kan likevel utløyse gebyr dersom tiltaket er av eit slikt omfang at det krev godkjenning også etter reglane i plan og bygningslova , til dømes ved vesentleg terrengendring. Då blir det eitt av desse to gebyra: 

Søke om endring av avkøyrsle
Søke om endring av avkøyrsle
Punkt 21 i gebyrsatsar for 2018 «andre søknadspliktige tiltak etter §20-1 , mindre bygg, div anlegg». Punkt 14 i gebyrsatser for 2018 «rev. teikningar, endringar som krev handsaming».
3.364.- 1.682,-

Korleis søker du?

Du søker på eige søknadskjema.

Kontakt

Torger Kvalsund
driftsingeniør anlegg og drift
E-post
Mobil 901 56 347