Trafikktrygging

Trafikktryggingsarbeidet i Herøy kommune følgjer i hovudsak dei prioriterte handlingsplanane i den kommunale trafikktryggingsplanen. Handlingsplanane i gjeldande trafikktryggingsplan var sist rullert i 2017. Det står for døra ei ny rullering i løpet av 2019.

Korleis påverke?

Trafikktryggingsplanen er forma som ein kommunedelplan og følgjer difor handsamingsprosess etter plan- og bygningslova. Det vil sei at det vert varsla oppstart og alle kan kome med innspel. Innspela vert vurderte og prioriterte før sluttvedtak vert gjort for ny, gjeldande plan.

Er det ting du kjem på utanom rulleringa kan det sendast til kommunen. Desse innspela vert lagt på vent til neste rullering av plan eventuelt handlingsplan.

Send innspela til postmottak@heroy.kommune.no og merk e-posten med trafikktrygging.

Dokument:

Gjeldande trafikktryggingsplan for 2015-2018 vedtatt i kommunestyre 17.12.2014 (PDF, 3 MB)Rullert handlingsplan vedtatt i kommunestyre 21.06.2017. (PDF, 11 MB)

Nyttige lenke

Nasjonal transportplan 2018-2029

Trafikktryggingsstrategi for Møre og Romsdal 2013-2022

Kontakt

Tanja Rafteseth
planleggar/folkehelsekoordinator
E-post
Mobil 941 60 135