Digitalt valkort

Å få valkortet er først og fremst ei stadfesting på at du har røysterett ved valet. På valkortet står det også kva valkrets du tilhøyrer slik at det er enkelt for deg å vite kor du skal røyste på sjølve valdagen.

I år blir valkortet digitalt. Dei som har reservert seg mot digital post frå det offentlege, vil få valkortet tilsendt på papir i posten.

Det er ikkje eit krav at du som veljar har med deg valkortet, men det gjer det enklare og raskare for valfunksjonærane å finne deg i manntalet, og det lettar registreringa.

Dersom du ikkje har med valkort får du likevel røyste.

Valkortet gjeld ikkje som legitimasjon.