Ofte stilte spørsmål

Det er ikkje alltid like lett å sette seg inn i reglane som finnast for gjennomføring av val. Her finn du svar på ein del spørsmål som vert stilt:

Har eg røysterett?

Du har røysterett dersom du er:

  • Norsk statsborgar
  • Har fylt 18 år innan utgangen av 2021 (født i 2003)
  • Er, eller har vore, registrert i folkeregisteret som busett i Noreg

Tilsette i diplomatiet eller konsulatvesenet og deira husstand har røysterett sjølv om dei ikkje oppfyller busetjingskriteriet. 

Står eg i manntalet?

Manntalet er ei oversikt over alle som har røysterett i ein kommune. For å kunne røyste må du stå innført i manntalet.

Veljarar busett i Noreg førast automatisk inn i manntalet i den kommunen der dei er registrert i folkeregisteret som busett pr. 30. juni i valåret.

Flyttar du til ein annan kommune etter 30. juni, er du fortsatt registrert i manntalet og har røysterett i den kommunen du flytta frå sjølv om du melder flytting.
Manntalet vert lagt ut til offentleg ettersyn i servicemottak på rådhuset frå omlag 10.juli.

 

Kva om eg bur i utlandet?

Er du busett i utlandet, men har vert registrert i folkeregisteret som busett i Noreg nokon gong i løpet av dei siste 10 åra, førast du automatisk inn i manntalet i kommunen der du var registrert som busett då du flytta frå Noreg.

Dersom du ikkje har vore registrert busett i Noreg dei siste 10 åra, må du søke di siste bustadskommune om å verte ført inn i manntalet. Dersom du ikkje nokon gong har vore folkeregisterført som busett i Noreg, skal du søke til Oslo kommune.


Slik søkjer du om å bli innført i manntalet

Du søkjer ved å skrive under på omslagskonvolutten som vert brukt ved førehandsrøystegjeving utanriks. Dersom du førehandsrøyster i Noreg eller ikkje brukar den nemnde omslagskonvolutten, må du søkje særskilt. Røystemottakar har eit skjema som du kan fylle ut samtidig som du avgir røysta di, eller du kan gjere det digitalt ved å fylle ut skjema for søknad om innføring i manntalet. Søknaden må innehalde ei erklæring om at du fortsatt er norsk statsborgar.

Søknaden skal sendast til valstyret i den kommunen der du sist var registrert busett i Noreg. Søknaden må vere kome fram til valstyret innan 14. september kl. 17:00 for å kunne bli innvilga.

Bruk eDialog for å sende inn søknad.

 

Korleis sjekkar eg om eg er manntalsført?

Du kan kontakte den kommunen du sist var registrert i. Alle kommunar i Noreg er pålagt å leggje ut eit såkalla utleggingsmanntal. Utleggingsmanntal er eit manntal som vert gjort offentleg tilgjengeleg der du som veljar har moglegheit til å kontrollere eigne opplysningar, og eventuelt sende inn klage dersom det er feil i manntalet.

Vallister og kandidatar til stortingsvalet

I Møre og Romsdal er det i år 18 parti som stiller liste til stortingsvalet.

HER(PDF, 60 kB) kan du få oversikt over alle partia og kandidatane i fylket.


Partia som stiller til val er: 

1. Arbeidarpartiet

2. Demokratene

3. Folkeaksjonen nei til mer bompenger

4. Framstegspartiet

5. Helsepartiet

6. Høgre

7. Industri- og næringspartiet

8. Kristeleg Folkeparti

9. Partiet De Kristne

10. Liberalistene

11. Miljøpartiet De Grønne

12. Pensjonistpartiet

13. Partiet Sentrum

14. Rødt

15. Senterpartiet

16. Sosialistisk Venstreparti

17. Venstre

18. Alliansen - Alternativ for Norge

Det er også høve til å røyste blankt.


Dersom du har spørsmål knytta til listene må du kontakte den aktuelle fylkeskommunen som valdistriktet tilhøyrer. 

Kontaktinformasjon til Møre og Romsdal fylkeskommune finn du her, på heimesida deira.

Må eg røyste i den kommunen eg er busett i?

På valdagen må du røyste i kommunen du er busett i. I førehandrøysteperioden kan du røyste i alle vallokale i heile landet.

Kvar kan eg røyste og kor tid?

I tidleg- og førehandsrøysteperioden (1. juli- 10. september) kan du røyste i alle vallokale i heile landet.

Tidlegrøystinga er i perioden 1. juli til 9. august. I Herøy kommune kan du tidlegrøystei servicemottak på rådhuset i opningstida kl. 10.00-14.00.

Lokale og tider for førehandsrøysting:

Val 2021- Førehandsrøysting
Førehandsrøysting Stad Tid
10.08.21-10.09.21 Herøy rådhus, servicemottak 10.00-14.00
11. og 25.08.21 Stokksund skule 15.00-19.00
18. august og 01. september Einedalen skule 15.00-19.00
07. september Herøy helse og omsorgssenter 10.00-12.00
08. september Myrvåg helse og omsorgssenter 10.00-12.00

 

Lokale og tider valdagen:

Val 21 - Vallokale valdagen
Krins Stad Tid
Nerlandsøy røystekrins Nerlandsøy bedehus 13.00-18.00
Kvalsvik røystekrins Kvalsvik bedehus 13.00-18.00
Runde Røystekrins Runde grendahus 13.00-18.00
Remøy Røystekrins Remøy og Sævik bedehus 13.00-18.00
Einedalen røystekrins Einehallen 12.00-20.00
Bø røystekrins Bø og Sande grendahus 13.00-18.00
Bergsøy røystekrins Herøy kulturhus 12.00-20.00
Moltu røystekrins Moltu bedehus 13.00-18.00
Tjørvåg røystekrins Stokksund skule 13.00-18.00
Myrvåg røystekrins Møre barne- og ungdomsskule 13.00-18.00
Leikanger røystekrins Leikanger grendahus 13.00-18.00

 

Legitimasjon

Når du skal avgi di stemme, må du ha med legitimasjon. Det er ikke nok å ha med valkort, eller å oppgi namn og fødselsdato.

Dersom du er ukjent for røystemottakaren i vallokalet må du legitimere deg. Dette er fordi det skal vere mogleg å kontrollere at du er den du utgir deg for å vere. Dersom det ikkje er mogleg å stadfeste dette, får du heller ikke avgitt di stemme. Andre personar i vallokalet kan heller ikkje gå god for din identitet. At du tar med deg legitimasjon når du skal røyste er difor viktig.

Gyldig legitimasjon er pass, førarkort og bankkort med bilde. Det er også mogleg å bruke andre former for legitimasjon, men minstekravet er at det må innehalde namn, fødselsdato og bilde

 

Unntak på institusjonar

Det finst berre éin unntaksregel når det gjeld framvising av legitimasjon, og dette er for veljarar som oppheld seg på institusjonar som helse- og omsorgsinstitusjonar og fengsel. Her er det ikkje eit absolutt krav at veljaren må identifisere seg, fordi det kan vere tilfelle der veljar ikkje har legitimasjonspapir tilgjengeleg. I slike tilfelle kan ein tilsett ved institusjonen gå god for veljaren sin identitet. Det er då et vilkår at den tilsette kan legitimere seg.

Kan eg gjere endringar på røystesetelen ved stortingsvalet?

Røystesetelen til stortingsvalet er oransje. Antall kandidatar på røystesetelen vil variere mellom fylke, då partia og listene som stiller til val minimum må fylle på like mange kandidatar som representantar som skal veljast frå fylket. 

Korleis gjere endringar på røystesetelen?

Ved stortingsval kan du renummerere kandidatar. Altså, dersom du meiner at kandidat nr. 7 bør vere kandidat nr. 2, kan du endre dette på din røystesetel. Vidare kan du stryke kandidatar, dersom det er enkelte kandidatar du er ueinig i at står på lista.

I motsetning til kommunestyre- og fylkestingsvalet er det ikkje høve til å gi personrøyst eller slengarrøyst.


Eksempel på korleis du kan renummere kandidatar på røystesetelen:

Klikk for stort bilete 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Eksempel på korleis du kan stryke kandidatar frå røystesetelen:


Klikk for stort bilete 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Kva om veljar er manntalsført i eit anna fylke?

Du kan førehandsrøyste i Herøy kommune sjølv om du er folkeregistrert som busett i eit anna fylke enn Møre og Romsdal. Røystemottakar vil då gi deg ein generell røystesetel med punktskrift. 

Sokalla generelle røystesetlar skal brukast av blinde veljarar og veljarar som røyster utanfor eige fylke. Røystesetlane vert også brukt ved røystegiving utanriks, og kan brukast ved tidlegrøystinga fram til dei ordinære røystesetlane med kandidatnamn kjem frå trykkeriet.

Dei generelle røystesetlane inneheld ei liste med alle dei registrerte politiske partia i Noreg, og har forkorting av partinamna i punktskrift. Veljar kan ikkje gjere andre endringar enn å setje kryss på det partiet han/ho vil røyste på. Renummerering og stryking av kandidatar er ikkje mogleg på dei generelle røystesetlane.

Sametinget

Sametinget er det samiske folkets folkevalde parlament i Noreg og er eit sjølvstendig folkevald organ.

Sametingsvalet er kvart fjerde år på same dagen som stortingsvalet. Sametinget er øvste valmyndigheit til sametingsvalet.

 

Røysterett ved sametingsvalet

For å kunne røyste til sametingsvalet, må du vere registrert i Sametingets valmanntal.

For sametingsvalet gjeld at du må ha fylt 18 år innan utgangen av valåret.

Når du registrerer deg må du avgi erklæring om at du oppfattar deg sjølv som same, og at du enten har samisk som heimespråk eller har hatt forelder, besteforelder eller oldeforelder med samisk som heimespråk eller at du er barn av ein person som står eller har stått i valmanntalet.

Dersom du har registrert deg i Sametingets valmanntal innan midnatt 30. juni i valåret, så har du røysterett ved valet i 2021.

Dersom du er same frå Sverige, Finland eller Russland, må du ha vert folkeregistrert i Noreg dei tre siste åra før du kan registrere deg inn i Sametingets valmanntal.

 

Korleis kan du registrere deg i Sametingets valmanntal?

På Sametingets nettsider finn du elektronisk registreringsskjema. Du må bruke ID-porten ved innlogging. Følg instruksjonane for utfylling.

Du finn også registreringsskjema i papirformat. Denne fyller du ut og sender til Sametinget, Ávjovárgeaidnu 50, 9730 Karasjok.

Om du sender dette pr. post, må den vere hos Sametinget innan midnatt 30. juni i 2021 (såkalt ihendehavarfrist) for at du skal kunne røyste ved valet i 2021. Det held altså ikkje å poststemple registreringsskjemaet den 30.06.21. 

Innmelding i valmanntalet

Korleis kan du avgi røyst til sametinget?

I kommunar med færre enn 30 manntalsførte personar i Sametingets valmanntal, er det ikkje høve til å motta røyster til sametingsval på sjølve valdagen - det er berre høve til å avgi røyst på førehand, jf. Sameloven § 2-3, jf. Forskrift om val til Sametinget § 39.

I Herøy kommune er det per dags dato færre en 30 manntalsførte personar i Sametinget, så dersom du skal røyste til Sametingsvalet må det skje i perioden for førehandsrøystinga: 10. august til 10. september.

Kvar og når du kan førehandsrøyste finn du her.

Klikk for stort bilete 

Registrering av førehandsrøyst til Sametingsvalet

Sametingsvalet har ikkje høve til å ta i mot førehandsrøyster "rett i urne". Røyster til Sametingsvalet skal i blå røystesetelkonvolutt. 

Veljar legitimerar seg og får utdelt avkryssingsrøystesetel med namna til dei registrerte samepolitiske organisasjonane, og ein blå røystesetelkonvolutt før han/ho går til røystebåsen. Veljar set kryss på det partiet som han/ho vil røyste på, legg røystesetelen i den blå konvolutten og limer igjen konvolutten. Røystesetelen til Sametinget skal ikkje stemplast i vårt vallokale.

Røystemottakar skriv ut valkort som vert lagt i gul omslagskonvolutt saman med den blå konvolutten som røystesetelen ligg i. Veljar legg konvoluttstemma si i urna «Førehandsrøyster i konvolutt».

Grunnleggjande smitteverntiltak
  1. Personar som er sjuke skal halde seg heime;
    Det viktigaste smitteverntiltaket er at sjuke personar skal halde seg heime. I valgjennomføring har dette betydning både for valmedarbeidarar og for veljarar. Det vert likevel tilrettelagt for at alle veljarar har moglegheit til å røyste.

    Valstyret i Herøy kommune legg smittevernrettleiaren til regjeringa(PDF, 887 kB)  til grunn når stortingsvalet 2021 vert planlagt og gjennomført. I rettleiaren side 11-13 står det informasjon om veljarar i karantene, veljarar med nyoppståtte luftvegsymptom og/eller sjukdomsfølesle, samt veljarar i isolasjon.

    For veljarar som er i karantene vert det tilbod om å røyste utanfor rådhuset (i bil), og heime for dei som er i isolasjon. Er du i karantene, men ikkje har høve til å ta deg til rådhuset utan å bryte smittevernreglane, kan du søke om å få røyste heime. Kommunen må ha melding frå dei som må røyste heime innan kl. 10:00 valdagen.

     
  2. God hand- og hostehygiene, samt godt reinhald;
    Sprit hendene både på veg inn og ut av vallokalet.
    Unngå berøring av ansiktet.
    Host/nys i albogekroken eller i eit papir som vert kasta. Vask hendene etterpå. 

    God hand- og hostehygiene reduserer smitte ved alle luftvegsinfeksjonar, også smitte med covid-19. Hygienetiltak bør utførast hyppig av alle - uavhengig av kunnskap om eigen eller andre sin smittestatus.

    Så lenge god handhygiene vert vareteke før og etter bruk av felles utstyr (røystebås, pennar etc.), vil risikoen for smitte vere lav. 

    Reinhald i lokalet blir utført etter gjeldande rutiner. 

    Dersom det vert innført lokale eller nasjonale råd om bruk av munnbind, vil det også kunne gjelde for valet. Det kan vere nødvendig å fjerne munnbindet for at valmedarbeidaren skal kunne identifisere veljaren. Råd om korrekt handtering av munnbind skal då følgjast.

     
  3. Hold anbefalt avstand til andre enn dine nærmaste - hugs METEREN;
    Vi vil prøve å tilrettelegge lokala på ein slik måte at veljarane kan gå inn i lokalet, røyste og gå ut igjen utan å måtte vere nærmare andre personar enn minimum 1 meter. Tida veljaren oppheld seg i vallokalet bør også vere mindre enn 15 minutt. Sjå etter skilt og ledeteip, og valmedarbeidarar som eventuelt organiserer kø. Krava til avstand i køen vil vere ekstra viktig for å redusere risikoen for å bli smitta. 

    Nokre veljarar har behov for assistanse når dei skal røyste. Når assistanse vert gitt bør det så langt som mogleg haldast 1 meter avstand og tida som vert brukt bør være under 15 minutt. Unngå fysisk kontakt. Dersom det ikkje er mogleg å halde minimum 1 meter avstand bør man bruke personleg smittevernutstyr.