Nerlandsøy skule har valgt å ha fokus på inkludering skuleåret 2025/2026. Elevgruppa på skulen er meir mangfaldig enn før, og fleire kommunikasjonsformer er aktuelle. Skulen har behov for å utvikle seg i og bruken av ASK, og bruke ASK som eit supplement og som ein naturleg del av kommunikasjonen på skulen.
Å utvikle metoden “arbeidsprogram” vil også vere ein del av undervisninga på alle trinn. Ein fellesnemnar i arbeidet med inkludering på skulen vår er å ta utgangspunkt i setninga “nødvendig for nokon, bra for alle”. Statped viser til at inkludering handlar om å tilpasse læringsmiljøet til mangfaldet, og tilrettelegge for at alle skal ha tilgang på og kan delta i fellesskapet i klassa si.
Å ha fokus på universell utforming av læringsmiljøet er ein viktig faktor på vegen til å nå dette målet, og tek utgangspunkt i fem punkt:
- Struktur og føreseielegheit
- Visuell støtte
- Sanseintrykk
- Behovsstyrt plassering
- Kroppsleg uro og oppmerksomheit
Publisert 16.12.2019 13:48