Vi har 13 tilsette, medrekna lærarar, assistentar og administrasjon.
Elevane ved barneskulen kjem frå krinsane Tjørvåg og Myrvåg. Den eldste delen av skulen, med tilhøyrande idrettsbygg, vart teken i bruk i 1974, medan bygget for barneskulen stod ferdig i 1999.
Skulen ligg i eit vakkert og roleg område i Tjørvåg, med kort veg til både fjell og fjøre. Vi har eit stort og variert uteareal som legg til rette for leik, aktivitet og læring i det fri.
Etter skuletid tilbyr vi skulefritidsordning (SFO) for elevane våre.