Er du uroa for eit barn eller ein ungdom?

Er du uroa for eit barn eller ein ungdom?

Vi veit at vaksne som bryr seg om eit barn som har det vanskeleg, kan vere avgjerande for korleis det går med barnet i framtida. Dersom du er bekymra for eit barn eller ungdom, er det viktig at du tek magekjensla på alvor. På denne sida finn de informasjon om kva du kan gjere dersom du kjenner på ei bekymring.

Dersom du er bekymra for alvorleg omsorgssvikt, bør du melde bekymring direkte til politi eller barnevernet. Ved enkelte formar for vald og overgrep har vi ei lovpålagt plikt til å hjelpe (avverjingsplikt). På plikt.no finn du meir informasjon og hjelp til å vurdere om  du kan ha avverjingsplikt etter straffelova.

 

Kva kan du gjere dersom du er bekymra for eit barn eller ein ungdom?

Tørr å bry deg
Barneverntenesta
Politi
Slettmeg.no
Dinutvei.no
Oversikt over tenester og tiltak til barn og unge i Herøy kommune

 

Gode råd til vaksne

Gode råd til trenere, instuktørar og leiarar i frivillig sektor
Kva signal bør du sjå etter
Korleis bør eg snakke med barn?
Nyttige nettstadar

Det er kun ved mistanke om vald, overgrep eller alvorleg omsorgssvikt foreldra ikkje skal kontaktast. Ta direkte kontakt med barnevernstenesta (70058800 / 91576020) og/eller politi (02800).

Averjingsplikta er eit lovpålagt og individuelt ansvar for å hindre alvorlege vald- og seksuallovbrot. Dette gjeld både om ein jobbar med menneske og har teieplikt, eller er ein privatperson. Nettstaden plikt.no kan fungere som ein guide i situasjonar der du lurer på om du har plikt til å hindre vald eller overgrep.