FarvassavgiftHerøy kommune har inngått samarbeid med Ålesundregionens Havnevesen når det gjeld registrering av anløp og innkrevjing av hamneavgifter.Registrering av anløpAnløp vert registrert via AIS-systemet. Fartøy på 15 meter eller meir som ikkje har ein aktiv AIS-transponder, pliktar å melde frå om alle anløp i Herøy kommune sitt sjøområde. Dette gjeld også ved anløp til eigne eller private kaier.Kva kostar det?Farvassavgifta vert belasta fartøy på 15 meter eller meir ved anløp i Herøy kommune sitt sjøområde, også ved anløp til eigne og private kaier. Ved gjentakande anløp innan same døgn vert farvassavgifta belasta berre ein gong. Farvassavgift 2025:TypePris u/mvaFartøy under 50 BTKr. 0,- pr. anløpFartøy mellom 50 BT og 300 BTKr. 170,- pr. anløpFartøy mellom 300 BT og 1200 BTKr. 230,- pr. anløpFartøy over 1200 BTKr. 300- pr.anløp Kva dekkjer avgifta?Farvassavgifta skal dekke kommunen sine kostnader tilnødvendig isbryting og fjerning av gjenstandar som hindrar sjøtransporten eller er til fare for ferdselen i kommunen sitt sjøområdeutøving av offentleg mynde med heimel i eller i medhald av hamne- og farvasslovafarvasskilt og navigasjonsinnretningar som kommunen eigNyttige lenkjer:Forskrift om farvassavgift for Herøy kommune Publisert 05.10.2018 11:52 Sist endra 06.01.2025 10:26