Moltu skule er ein skule som ligg på Moldtustranda i Herøy kommune. Skuleåret 2024/2025 har skulen 29 elevar og 8 tilsette.
Det fyrste skulehuset som vart tatt i bruk på Moldtustranda var i 1865, i Moltumyr. Hausten 1904 vart eit nytt skulehus bygd på den same tomta som det er skulehus i dag. Skulen vart etter kvart for liten og vart påbygd både i 1934 og i åra 1960/65.
Publisert 16.12.2019 13:14