Om Moltu skule

Om Moltu skule

Moltu skule er ein skule som ligg på Moldtustranda i Herøy kommune. Skuleåret 2021/2022 har skulen 37 elevar og 9 tilsette.

Det fyrste skulehuset som vart tatt i bruk på Moldtustranda var i 1865, i Moltumyr. Hausten 1904 vart eit nytt skulehus bygd på den same tomta som det er skulehus i dag. Skulen vart etter kvart for liten og vart påbygd både i 1934 og i åra 1960/65.