Satsingsområde 2021/2022

Satsingsområde 2021/2022

Moltu skule har lesing som satsingsområde.

God lesekompetanse er viktig for å kunne tileigne seg kunnskap. Å utvikle lesekompetanse handlar mellom anna om å kunne avkode tekst og gjere ein i stand til å kunne bruke kunnskapen ein les ut av teksten. Avgjerande for å utvikle lesekompetanse er motivasjon, og difor er det viktig å kunne legge til rette for lesing med bakgrunn i interesse. Å lese i alle fag er viktig for å auke lesekompetansen, og difor noko som skulen har fokus på. Å lære elevane å bruke ulike lese-og lærestrategiar er viktig for at dei skal finne seg gode måtar å lese på, alt etter kva som er formålet med lesinga.