Det tverrfaglege teamet skal vere samansett av fagpersonar frå helsestasjon, PPT, barnevern og skule/barnehage.
Teamet skal ha fokus på barn og unge, samt barnas psykososiale miljø i den aktuelle skule/barnehage, med tanke på å avdekke behov og setje inn tiltak tidleg.
Teamet skal utveksle informasjon på systemnivå, samt på individnivå. Dokumentert samtykke frå føresette skal ligge føre ved drøfting av saker på individnivå. Unntak frå samtykke er mistanke om vald/overgrep i heimen. Teamet skal elles nytte felles kompetanse til å finne løysingar som kan hjelpe barnet/barna.
Alle i teamet har ansvar for å melde inn saker samt innhente samtykke ifht desse.
Mål:
1. Raskare avdekking av vanskar hos enkeltbarn og grupper, fagleg og sosialt
2. Tidlegare innsats, med nødvendig oppfølging i heim, skule og barnehage
3. Færre elevar med omfattande tiltak for å kunne gjennomføre grunnskulen
5. Alle barn har eit godt oppvekst- og læringsmiljø
Ansvarleg for innkalling og referat er rektor/styrar for den enkelte skule/barnehage.
Foreldre og pedagogisk leiar kan også få møte teamet. Det kan skje at familiar får det ekstra tøft i ei periode, og då kan ein få lufte utfordringa i teamet. Hjelp kan settast inn der og då.