Måltid i barnehagen

Måltid i barnehagen

I Bergslia Barnehage har vi fokus på å gi barna eit variert og sunt koshald. Barna er med på prosessen med baking/matlaging og bord dekking. 

Mat og måltidsvanar verte danna tidleg i livet og gode vanar som ein tileignar seg i barnehagenalder kan vare livet ut.I følge rammeplan for barnehagen skal barnehagen legge til rette for at barn skal oppleve matglede og matkultur. Dei skal gjennom medverknad i mat og måltidsaktivitetar motiverast til å ete sunn mat og få ei grunnleggande forståing for korleis sunn mat kan bidra til god helse. 

Måltidet er ein god pedagogisk arena for læring og haldning samt dei får utvikle praktiske ferdigheiter om

 måltid og mat. 

I Bergslia har vi :

* Gulerot på kvar morgensamling.

* Varmrett to gongar i veka der det eine ofte er havregraut. 

* Variert påleggsfat med grønsaker til.               

* Baking ein gong i veka.

* Frukt /yougurt kvar ettermiddag saman med brødmat.