Bergsøy skule har to avdelingar; Blåhaugen (1.-4. trinn og SFO) og Borga (5.-7. trinn). Bygget til Blåhaugen vart ferdigstilt og tatt i bruk hausten 2000 og husar no 132 elevar.
På Blåhaugen er vi opptekne av at barna skal kjenne på fagleg og sosial tryggleik. Eit barn som opplev fagleg meistring på sitt nivå, får sjølvtillit og tryggleik. Eit barn som opplever tryggleik og tilhøyre sosialt, er meir i modus for læring.
Blåhaugen skal difor vere ein god plass å vere, og ein god plass å lære.