Rutine for innsynskrav

Rutine for innsynskrav

Hovudregelen er at saksdokument, journalar og liknande register i kommunen er opne for innsyn dersom ikkje anna følgjer av lov eller forskrift med heimel i lov. Krav kan være skriftleg eller munnleg.

Identifiser kva slags dokument det ønskast innsyn i, sjå offentleglova § 28.

Undersøk om det fyll det krava til eit "dokument" i offentleglova § 4.

Om det vert beden om statistikk, vurder innsynet etter offentleglova § 9.

Sjekk: 

  • at det ikkje er gitt unntak frå innsynsretten i offentleglova kapittel 3.
  • om det ligg føre teieplikt etter forvaltningslova § 13 og eventuell særlov på gjeldande område.
  • at det ikkje er gjort unntak frå teieplikta i forvaltningslova §§ 13a-13g.

Vurder om det er omsyn som tilseier meirinnsyn etter offentleglova § 11.

Undersøk om innsynet bør utsettast, jf. offentleglova § 5.

Ved delvis innsyn:

  •  Unnta dei delene av dokumentet som inneheld informasjon som det ikkje kan gis innsyn i
  •  Vurder om det ikkje skal gis innsyn i resten etter offentleglova § 12

 

Ved heilt eller delvis avslag på innsyn:

  • grunngi avslaget heilt konkret og oppgi nøyaktig lovheimel for sladdinga, sjå § 31
  • oppgi informasjon om klagerett, klagefrist og klageinstans etter offentleglova § 31 og § 32.

 

Få ein kollega til å sjå over vurderingane dine før utsending uansett resultat. Spesielt viktig om det gis innsyn i informasjon som er underlagt teieplikt og der dokument er sladda.