Tilgang til revisor

Tilgang til revisor

Revisor kan etter kommuneloven § 24-2 krevje innsyn i dei opplysningane dei ynskjer hjå kommunen. 

Revisor skal ha tilgang til dei dokument og opplysningar  som han eller ho meiner er nødvendig for å kunne utføre arbeidet sitt, men det inneber ikkje ein generell innsynsrett i datasystema  til kommunen.

Tilgang til arkiv- eller fagsystem:

  1. Revisor må melde inn behov for innsyn digitalt.
    • Omfang og kva system det gjeld
    • Tidsperiode
  2. Arkivet skal gi denne tilgangen utan forseinkingar
  3. Det skal opprettast eiga rolle for revisor. Det må opplysast om ev. logging av aktivitet i systemet.
  4. Den som skal ha tilgang skal ha opplæring i systemet. Dersom slik opplæring er blitt gitt i ei anna kommune, skal det opplysast i kva kommune opplæringa er gitt og kven som ga opplæringa