Om skulen

Om skulen

Einedalen skule er den nyaste barneskulen i Herøy kommune. Skulen vart teken i bruk i januar 2010. 

Elevane frå dei tidlegare skulekrinsane Bø, Frøystad, Leine, Remøy og Runde soknar til Einedalen skule. Skuleåret 23-24 er det 177 elevar ved skulen. Skulen tilbyr SFO og har i tillegg ei base som vert nytta av elevar med særskilde behov. 

Vi har ein stor og flott idrettshall knytt til skulen. Den har fått namnet Einehallen.

Skulen har eit stort uteareal som innbyr til aktivitet og fri leik, samt ballbinge, basketballbane, og volleyballbane. Einedalen skule ligg naturskjønt til, og er eit naturleg utgangspunkt for utflukter til fjell og fjøre. Skulen og skuleområdet er og i stor grad nytta i helger og på kveldstid av ulike aktørar. 

I området rundt Einedalen skule er det funne bevis på busetnad som kan sporast tilbake til steinalderen. Desse funna vart registrert under dei arkeologiske utgravingane som fann stad i samband med bygginga av den nye vegen over Buholmen midt på 90-talet.