SFO-Einedalen skule

SFO-Einedalen skule

Opningstida vår er 07.30 – 08.45 og 13.30 – 16.45.

Vi står for fritida til borna med ein god porsjon omsorg. SFO skal vere ein trygg stad  å vere. Dette er borna sin fritidsarena, og for mange er dette den einaste staden dei kan leike fritt mellom skule, lekser og andre faste fritidsaktivitetar i ein elles travel kvardag. Det er difor viktig med aktivitetar som gjer at borna kan velje noko som passar for dei.

Vi ynskjer å vere med på å bidra til at kvar og ein skal få blomstre på sin arena og utvikle seg til den beste versjonen av seg sjølv. Hos oss er sosialisering gjennom leik viktig. Vi ynskjer å gje borna kjensla av å høyre til og meistre på mange ulike områder. Vi hjelper dei til å klare samspelet med andre born, kjenne mestring i leiken og skape gode relasjonar til kvarandre.  Dei lærer å vere tolmodige, vente på tur å gje kvarandre ros, samt å vise omsorg og empati for kvarandre.

Vi har eit ekstra fokus på 4.klassingane. Dei fleste har gått her i tre år og har vore med på det meste av aktivitetane. Dei har behov for nye og eigne utfordringar for at SFO-kvardagen skal verte både givande og interessant. Vi har difor starta ein eigen klubb for dei, der dei har sitt eige opplegg på faste dagar med spanande prosjekt tilpassa deira ynskje og behov.

Meir om SFO finn du her.

 

Kontaktinformasjon:

SFO: 415 96516
SFO-kontor: 70084609
SFO-koordinator, Annette Seljeseth : 93 83 47 79