Frå 1. juni til 31. august kan alle som skal byrja i 1. klasse til hausten, til og med dei som går i 7. klasse, delta på Sommarles.
Astrid og Asbjørn med ein flagrende dokumentrull og ei bok.Sommarles gjer lesing meir morosamt. Det er også heilt gratis å delta. På Sommarles.no kan du registrera både bøker som barna har lest sjølv, men også bøker dei har lest saman med nokon, eller lytta til.
For kvar bok som blir registrert får deltakarane poeng, og går opp i nivå. Barna kan både få kule digitale troféer på nettsida, og henta fysiske premiar på biblioteket. På Sommarles kan de og få lesetips, og løysa oppgåver som høyrer til årets Sommarles-forteljing. Forfattar Mari Moen Holsve står bak den.
For å bli med på Sommarles går de inn på nettsida som opnar 1. juni. Der kan du laga ein profil til barnet. Har de ein profil frå i fjor kan de framleis bruka den. Viss de treng hjelp, er det berre å spørja på biblioteket. Så er det berre å lesa/lytta, og registrera så mykje du kan.
Biblioteket har eit håp om at de vil hjelpa barna slik at dei kan delta på lesekampanjen og få gode leseopplevingar heile sommaren. Ta gjerne turen innom biblioteket om de lurar på noko, eller vil låna bøker.
God sommar med Sommarles.no.