Herøy folkebibliotek er eit Bok til alle-bibliotek. Ulike folk treng ulike bøker for at det skal vere lett å lese. Ingen skal vere utestengde frå gleda av å lese ei god bok.
Det finst bøker med enkel tekst, stor skrift, enkelt innhald, bøker med bilde og bøker med lyd. Du finn bøker med punktskrift, følebilder, symbolspråk og teiknspråk.
Du finn både skjønnlitteratur og faglitteratur. Vi kan hjelpe deg til å finne fram til det som passer - til dømes om du er uvant med å lese, har eit anna morsmål, dysleksi e.l.
Har du lesevanskar?
Vi har bøker som passar for deg. Du finn lettleste bøker både for barn, ungdom og vaksne.
Sjekk ut Tibi.no, eller spør nærmaste bibliotekar om råd til å finna litteratur. Det finst ei bok for alle.
Enkel tekst
All tekst er meir eller mindre vanskeleg. Somme forfattarar har eit lettare tilgjengeleg språk enn andre. Av og til kan det enklaste vere det beste. Med enkel tekst står ikkje språket i vegen for innhaldet.
Enkelt innhald
Desse bøkene er både lette å lese og lette å forstå. Somme har ein del tekst, andre har mest bilde.
Punktskrift og følebilde
Desse bøkene er tilpassa menneske med synshemming. Best for deg som ser verda gjennom fingrane.
Du kan også bestille bøker frå Tibi Tibi - Biblioteket for tilrettelagt litteratur .
Bliss og piktogram
Ikkje alle trivst med vanlege bokstavar. Bliss og piktogram er to ulike symbolspråk som skriv ord i stadenfor bokstavar. Mange synest at symbolspråk er lettast å lese.
Teiknspråk og teikn til tale
For teiknspråkbrukarar fins det bøker med teiknspråk (bilder av teikn) i tillegg til tekst og bilde. Vi har ikkje mange bøker sjølv, men kan kjøpe eller låne inn frå andre.
Bevegelseshemma
Herøy folkebibliotek er tilgjengeleg for rullestolbrukarar. Det er trappefri adkomst, HCWC og heis.