Lånar med særskilde behov

Lånar med særskilde behov

Herøy folkebibliotek er eit Bok til alle-bibliotek. Ulike folk treng ulike bøker for at det skal vere lett å lese. Ingen skal vere utestengde frå gleda av å lese ei god bok. 

Det finst bøker med enkel tekst, stor skrift, enkelt innhald, bøker med bilde og bøker med lyd. Du finn bøker med punktskrift, følebilder, symbolspråk og teiknspråk.

Desse bøkene står samla i eigne hyller. Du finn både skjønnlitteratur og faglitteratur. Vi kan hjelpe deg til å finne fram til det som passer - til dømes om du er uvant med å lese, har eit anna morsmål, dysleksi e.l.

Har du lesevanskar?

Vi har bøker som passar for deg. Du finn lettleste bøker både for barn, ungdom og vaksne.


Norsk lyd- og blindeskriftbibliotek (NLB) har no ein app som kan gjere lesing meir lystbetont, også for dei som har pleid å streva med lesing. Appen heiter Maneno. Alle born som er registrert som lånar hos NLB kan få gratis tilgong på appen. Les meir om appen her: 

https://www.nlb.no/tilbudet-vart/maneno

Enkel tekst

All tekst er meir eller mindre vanskeleg. Somme forfattarar har eit lettare tilgjengeleg språk enn andre. Av og til kan det enklaste vere det beste. Med enkel tekst står ikkje språket i vegen for innhaldet.

Enkelt innhald

Desse bøkene er både lette å lese og lette å forstå. Somme har ein del tekst, andre har mest bilde.

Punktskrift og følebilde

Desse bøkene er tilpassa menneske med synshemming. Best for deg som ser verda gjennom fingrane.

Du kan også bestille bøker frå Norsk lyd- og blindeskriftbibliotek (NLB).

Bliss og piktogram

Ikkje alle trivst med vanlege bokstavar. Bliss og piktogram er to ulike symbolspråk som skriv ord i stadenfor bokstavar. Mange synest at symbolspråk er lettast å lese.

Teiknspråk og teikn til tale

For teiknspråkbrukarar fins det bøker med teiknspråk (bilder av teikn) i tillegg til tekst og bilde. Vi har ikkje mange bøker sjølv, men kan kjøpe eller låne inn frå andre.

Bevegelseshemma

Herøy folkebibliotek er tilgjengeleg for rullestolbrukarar. Det er trappefri adkomst frå baksida av kulturhuset, og tilrettelagde toalett i same etasje.