Ny i Noreg

Ny i Noreg

For deg som er ny i Norge, kan det vere greitt å vite at biblioteket er opptatt av at du trivst her. Biblioteket er den tenesta som folk i lokalsamfunnet er mest fornøgd med i følgje ei forbrukarundersøking. Så du bør stikke innom!

Kva kan biblioteket hjelpe deg med?

Vi har bøker du kan låne for å lære deg norsk språk (nynorsk og bokmål).

Vi har ordbøker på nokre språk.

Vi kan skaffe bøker (også barne- og ungdomsbøker) på ditt språk frå Det flerspråklige bibliotek, som har bøker på ca 50 språk i samlingane sine. Du kan sjølv søke i og bestille frå katalogen Det flerspråklige bibliotek. Vi hjelper gjerne til med dette. Bøkene blir sendt til biblioteket vårt, og du hentar dei der.

Vi har lettleste bøker på norsk, og nokre kan du også høyre på samtidig som lydbok.

Vi kan hjelpe deg til å finne filmar på ditt språk.

Vi har 5 PCar og 2 nettbrett til utlån. Biblioteket har også trådlaust nettverk. Det er gratis å låne PC eller nettbrett/internett!

LEXIN - dei første nettbaserte ordbøkene som er laga spesielt for minoritetsspråklege i Noreg.