Skuleelevar

Skuleelevar

Biblioteket kan vere ein plass du kan kome til etter skulen for å gjere lekser i fred og ro. Her kan du vente på skulebussen, møte venner eller kankje du har time på kulturskulen?

Treng du stoff til ei oppgåve eller eit prosjekt, er biblioteket den rette plassen å leite! Vi har fagbøker om det aller meste, og du kan bruke internett for å finne stoff der.

Vi har 5 PCar som du kan bruke om du treng det.

Her er fleire spennande og nyttige nettstader som du kan bruke enten til skulearbeid eller bare for moro skyld!

  • http://nrk.no/skole/ har samlet lyd- og videoklipp fra NRK-programmer tilpasset elever og lærere. Her finner du mange forfatterintervjuer og har en rekke klipp som kan brukes i særemne-sammenheng
  • http://www.bokselskap.no/. Her finner du digitaliserte bøker som er frigitte. Skal du lese norske tekster fra perioden 1300-1910 kan du finne dem her. Kan lastes ned til pc/mac, nettbrett eller lesebrett.
  • Bokhylla.no. Fant du ikke boka på Bokselskap kan du prøve på Bokhylla.no. Der kan frigitte bøker lastes ned som PDF.  
  • http://nysgjerrigper.no/. Her får du nyheiter og opplevelser som inspirerer til nysgjerrigheit.
  • http://tv.nrksuper.no/. Kanal for barn. Her kan du sjå aktuelle programmer i nett-TV, spele spel, lese om og delta i forskjellige aktivitetar.
  • http://www.gruble.net/ - spill deg til kunskap og sett kunnskapen på spill!

 

Om det er ei bok, lydbok eller ein film vi ikkje har, kan vi som regel skaffe det til deg! Enten bestiller vi frå eit anna bibliotek, eller vi kjøper det sjølv. Vi tek gjerne imot tips til bøker, filmar og aktivitetar som du saknar! 

Treng du hjelp er det berre å spørje!