Tilsette i barnehage

Tilsette i barnehage

Vi på biblioteket er veldig glad i å ta imot besøk av dei minste. Vi synest det er veldig viktig å skape leselyst frå tidleg alder.

Kontakt oss gjerne om de veit når de skal ha neste planleggingsdag. Då kan vi sjå om vi har høve til å laga noko opplegg til barnefamiliane. 

 

De kan også kontakta oss om de har tema de skal fokusera på. Det finst bøker om det meste. Vi kan gjere det klart for dykk, slik at det er lett å henta det.