Besøk
Vi set stor pris på at skulane kjem og låner bøker, lydbøker og film. Vi tek imot klasser også før opningstid. Om de vil kome utanom opningstida, ta kontakt på førehand (gjerne 2-3 dagar på førehand)!
Bokkasser
Vi kan lage i stand bokkasser til dei lærarane som ber om det. Då vil vi gjerne ha beskjed nokre dagar på førehand. I tillegg vil vi gjerne vite:
- Kor mange elevar det er i klassa
- Kor mange bøker de ønskjer pr. elev
- Om de vil ha skjønnlitteratur / faktabøker, eller litt av kvart
- Spesielle emne i skjønnlitteratur/fakta
- Om det er spesielle omsyn vi bør ta i bokutvalet (t.d. om det er mange som treng lettlesbøker)
Har du elevar som har dysleksi, ADHD eller andre lesevanskar?
Dei kan gjerne sjekka ut Tibi.no. Det er eit digitialt bibliotek, der ein kan få tilsendt gratis materiell heim i posten.
Tibi - Biblioteket for tilrettelagt litteratur
Klassebesøk
Alle klassetrinn er velkomne på biblioteket, men vi har ikkje spesielle opplegg for dei. Læraren kan gi beskjed om han/ho ønskjer noko meir enn berre boklån. Får vi beskjed i god tid, kan vi lage til bokorientering for det aktuelle klassetrinnet og/eller orientere om korleis ein finn fram på biblioteket (Dewey).
Her kan du sjå oversikt over klassessett i Møre og Romsdal fylkesbibliotek sin søk.