Tilsette i skule

Tilsette i skule

Besøk

Vi set stor pris på at skulane kjem og låner bøker, lydbøker og film. Vi tek imot klasser også før opningstid. Om de vil kome utanom opningstida, ta kontakt på førehand (gjerne 2-3 dagar på førehand)!

Bokkasser

Vi kan lage i stand bokkasser til dei lærarane som ber om det. Då vil vi gjerne ha beskjed nokre dagar på førehand. I tillegg vil vi gjerne vite:

  • Kor mange elevar det er i klassa
  • Kor mange bøker de ønskjer pr. elev
  • Om de vil ha skjønnlitteratur / faktabøker, eller litt av kvart
  • Spesielle emne i skjønnlitteratur/fakta
  • Om det er spesielle omsyn vi bør ta i bokutvalet (t.d. om det er mange som treng lettlesbøker)   

 

Har du elevar som har dysleksi, ADHD eller andre lesevanskar? 

Då vil me gjerne tipse om at Norsk lyd- og blindeskriftbibliotek (NLB) no har ein app som kan gjera lesing meir lystbetont, også for dei som har pleid å streva med lesing. Appen heiter Maneno. Alle born som er registrert som lånar hos NLB kan få gratis tilgong på appen. Les meir om appen her: 

https://www.nlb.no/tilbudet-vart/maneno

 

Klassebesøk

Alle klassetrinn er velkomne på biblioteket, men vi har ikkje spesielle opplegg for dei. Læraren kan gi beskjed om han/ho ønskjer noko meir enn berre boklån. Får vi beskjed i god tid, kan vi lage til bokorientering for det aktuelle klassetrinnet og/eller orientere om korleis ein finn fram på biblioteket (Dewey).

Skular får automatisk 8 veker lånetid på bøker og lydbøker.

Her kan du sjå oversikt over klassessett i Møre og Romsdal fylkesbibliotek sin søk.