Lånereglar

Lånereglar

For utlån er det dette som gjeld:

  • Det er gratis å låne.
  • Alle som har fast adresse kan få lånekort. Ta med legitimasjon. Barn må vere over 6 år for å få lånekort. 
  • Meld frå om adresseendring eller tap av lånekort.
  • Hugs å ta med lånekortet når du skal låne.
  • Lånetida for bøker, tidsskrift, lydbøker og språkkurs er 4 veker. Lånetid for film er 2 veker.
  • For å sikre sirkulasjon er det viktig å halde lånefristen, eller fornye lånet. Lån kan fornyast om ingen andre står på venteliste.
  • Har du ikkje levert inn lånt materiell etter 3.purring, får du tilsendt erstatningskrav. Dersom materialet vert levert tilbake innan ei veke etter kravet, kan du sjå vekk frå det.
  • Filmane er berre til privat bruk. Lånar kan ikkje vere under den tilrådde aldersgrensa for filmen.
  • Materiell som er utlånt, kan reserverast. Materiell vi ikkje har, kan som regel lånast frå andre bibliotek.
  • Tapt eller øydelagt materiell må erstattast.

 

BIBLIOTEKET ER DER FOR Å HJELPE DEG! TA KONTAKT! SPØR OSS! VI TEK GJERNE EI UTFORDRING!