Om biblioteket

Om biblioteket

Herøy folkebibliotek vil vere eit bibliotek for alle. Du kan forvente å finne tilpassa litteratur etter ulike behov. 

Du er alltid velkomen på biblioteket, og til å kontakte oss for hjelp - både på telefon og pr. e-post.

Biblioteket si verksemd har basis i Lov om folkebibliotek. Den slår fast at alle kommunar skal ha eit folkebibliotek. Folkebiblioteket har til oppgåve å fremje opplysning, utdanning og anna kulturell verksemd gjennom informasjonsformidling og ved å stille bøker og anna materiell gratis til disposisjon for alle som bur i kommunen.

Biblioteket er ein del av eit biblioteknettverk som gjer det mogeleg å låne frå andre folkebibliotek, fylkesbibliotek og fag- og forskningsbibliotek over heile landet.

Herøy folkebibliotek ligg i Herøy kulturhuset i Fosnavåg (Lisjebøvegen 10A). Ved Kulturhuset er det stor parkeringsplass, og biblioteket er tilgjengeleg for rullestolbrukarar.