FAU skal:
- vere eit bindeledd mellom heim og skule
- lytte til innspel frå foreldra, og formidle aktuelle problemstillingar til skulen
- støtte opp om skulen sitt arbeid med sosial kompetanse og godt læringsmiljø
- samarbeide med elevråd, lærarane og rektor
- vere representerte i det kommunale foreldrerådsutvalet (KFU)
- ta initiativ til sosiale aktivitetar for elevar og foreldre, t.d grunnskulefesten
- vere involverte i, og uttale seg om, relevante saker i Herøyskulen
Skuleåret 2023-24 haldt FAU fram arbeidet med trygg skuleveg, der det mellom anna vart arrangert refleksløp ved gapahuken for alle elevane. I tillegg har FAU sponsa elevane med felles påskelunsj og diverse uteleiker som fotballar, hoppetau og liknande. Den årlege grunnskulefesten er også noko som FAU alltid støttar opp om. Dette er eit høgdepunkt i året både for skulen, elevane og foreldra. FAU ved Leikanger skule har ei eiga Facebook-side, «Foreldre ved Leikanger skule».
Leiar: Audun Kalland
Nestleiar: Oline Kleppe
Skrivar: Rita Berge Voldnes
Økonomiansvarleg: Steinar Aasebø