Om FAU

Om FAU

Foreldre har rett til medverknad i skulen. Samtidig har foreldre eit tydeleg ansvar for å bidra til å skape eit trygt og godt læringsmiljø.

FAU skal:

  • vere eit bindeledd mellom heim og skule
  • lytte til innspel frå foreldra, og formidle aktuelle problemstillingar til skulen
  • støtte opp om skulen sitt arbeid med sosial kompetanse og godt læringsmiljø
  • samarbeide med elevråd, lærarane og rektor
  • vere representerte i det kommunale foreldrerådsutvalet (KFU)
  • ta initiativ til sosiale aktivitetar for elevar og foreldre, t.d grunnskulefesten
  •  vere involverte i, og uttale seg om, relevante saker i Herøyskulen

Skuleåret 2022-23 arbeidde FAU mellom anna med trygg skuleveg og leksefri/leksesmart skule . FAU støttar alltid opp om grunnskulefesten vår. Førre skuleår støtta FAU opp om ein felles skuletur til Hakallegarden. Slike arrangement betyr mykje for elevane sin trivsel. FAU ved Leikanger skule har ei eiga Facebook-side, «Foreldre ved Leikanger skule»

 

Leiar: Olav Risahagen

Nestleiar: Arnhild Djupvik Vattøy

KFU (kommunalt foreldreutval): Odd Robert Støylen

Skriver: Lene Havåg

Økonomiansvarlig: Steinar Aasebø

 

Leiar og nestleiar sit også i Samarbeidsutvalet, SU.