Om skulen

Om skulen

Skuleåret 2025-2026 har Leikanger skule og SFO totalt 25 elevar og 7 tilsette, inkludert rektor som for skuleåret er rektor både for Leikanger skule, Stokksund skule og Moltu skule.

Leikanger skule ligg saman med, og deler dels bygg og uteområde med, Leikanger barnehage og Leikanger grendahus. Vi delar gymsal med barnehagen og grendahuset, og i tillegg disponerer grendahuset eit eige kjøkken og lisjesalen. Skulen har eige skulekjøkken, sløydsal og bibliotek. I tillegg til fasilitetane inne har vi også eit fantastisk uteområde med ulike leikeapparat, sandkasse, reiestativ, kunstgrasbane og ballbinge. Rundt oss utanfor skulen sitt område har vi tilgang til mange fine turområde i fjell, fjøre, skog og mark. Skulen har tilgang til ein flott gapahuk med bålpanne. Alle elevane har uteskule på timeplanen kvar veke. På ettermiddag og kveldstid er her ulike øvingar, treningar og arrangement i regi av grendalaget, kulturskulen og idrettslaget.

På Leikanger skule er det godt å vere. Elevar, tilsette og foreldre/føresette framsnakkar kvarandre. Vi let alt positivt få stor plass, fordi vi veit at det vi fokuserer på, det får vi meir av. Vi vil at alle skal kjenne at dei høyer til, og at dei er inkluderte både sosialt og fagleg. Vi veit at eit raust og støttande læringsmiljø er med på å skape ein positiv læringskultur både fagleg og sosialt. Tydelege og omsorgsfulle vaksne er med på å trygge læringsmiljøet til elevane. Opplæringslova §12-2 seier at alle elevar har rett til eit trygt og godt skulemiljø som fremjar helse, inkludering, trivsel og læring. Overordna del av læreplanverket for kunnskapsløftet (LK20) presiserer at det er dei tilsette saman med elevane og forelda/føresette som har eit felles ansvar for å fremje eit trygt og godt læringsmiljø. Vi jobbar heile tida for eit inkluderande og inspirerande læringsmiljø på Leikanger skule.