Læreplanen for kunnskapsløftet (LK20) definerer fem grunnleggande ferdigheiter: lesing, skriving, rekning, munnlege ferdigheiter og digitale ferdigheiter. Desse grunnleggande ferdigheitene er nødvendige reiskapar som elevane treng for læring og fagleg forståing. Vi på Leikanger skule har lesing i alle fag som eit av våre satsingsområde dette skuleåret. Vi har jobba med det ei god stund allereie, og har valt å halde fram arbeidet. Herøy kommune, i samarbeid med andre kommunar, har utarbeida ein felles leseplan for elevane som skal implementerast og bli ein naturleg del av leseopplæringa til skulane. Lesing er den viktigaste ferdigheita elevane utviklar i skulen.
På Utdanningsdirektoratet sine sider står det at lesing av tekst, både på papir og digitalt, er ein føresetnad for livslang læring, og for å kunne delta aktivt i samfunnslivet på ein kritisk og reflektert måte. Det å lese handlar om å kunne forstå, bruke, reflektere over og engasjere seg i innhaldet i tekstar. Tekstar er ikkje berre ord, men det inkluderer alt som kan lesast i ulike medium.
Elevane les i alle fag. Dei les mellom anna ulike sjanger-tekstar i norsk, multimodale faktatekstar i naturfag, tekstoppgåver, tabellar og diagram i matematikk og oppskrifter i mat og helse. Det å utvikle god lesekompetanse bidreg til å utvikle fagkompetanse. Gode lesarar kan lære det dei vil.
I tillegg til lesing i alle fag har vi starta opp med ASK (alternativ og supplerande kommunikasjon). Vi på Leikanger skule er heilt i startgropa innanfor ASK-kompetanse. Vi vil bruke skuleåret på å utvikle oss for å skape gode moglegheiter for sosial deltaking og fagleg læring for alle våre elevar.
Vi vil
- bruke nye ressursar inn i leseopplæringa, støtte oss til Leseplanen
- bruke elevar som bibliotekvertar
- motivere elevane for høgtlesing når dei øver seg i å lese
- delta i Norli Junior sin lesekonkurranse
- arrangere leseprosjektet «øyhopping»
- legge til rette for ulike måtar å oppleve høgtlesing på: eldre barn les for yngre barn, foreldre/besteforeldre deler litteratur med oss, lesestunder på biblioteket, høgtlesing i klasserommet m.m.
- vere tydelege rettleiarar når vi korrigerer elevane si leseutvikling
- at elevane skal vere med på å bestemme kva litteratur vi skal kjøpe, spesielt litteratur for gutar
- vere bevisste på at skriving og lesing «går hand i hand»
- vere gode på å registrere når elevane sporar av frå forventa leseutvikling, og vite korleis vi skal få dei på rett spor att
- ha dialog med heimane om korleis dei kan støtte opp om barnet si leseopplæring
- arbeide med lesing i alle fag