SFO-Leikanger skule

SFO-Leikanger skule

SFO held ope om morgonen kl.07.30-08.15, og frå 13.40 (eller skuleslutt) og til klokka 16.00. Her kan elevane ete frukost dersom dei ønsker det. Elevane har med eigen matpakke, eller dei kan ha med seg knekkebrød og pålegg som dei har ståande i skapet/kjøleskapet på SFO. SFO seier ifrå når elevane går tomme for mat. Elevane vert sjekka inn og ut av SFO kvar dag. Dette får foreldra melding om i Vigilo. Vi nyttar også Vigilo til å legge inn fråvær og sende meldingar.

SFO er ein viktig arena der elevane får trening i å inngå nære og gode relasjonar til både vaksne og barn.

På SFO kan elevane i stor grad leike fritt, også på tvers av klasser. Deira evne til å ta kontakt med andre, og skape nære relasjonar over tid, blir utvikla i positiv retning på ein god SFO. Vår oppgåve som vaksne er å engasjere oss, og støtte dei i denne prosessen.

Vi har uteleik i all slags vær, i eit fantastisk uteområde; kunstgrasbane, ballbinge, ulike klatrestativ, område for sykling, sandkasseleik og mange spennande uteleiker. I tillegg tek vi ofte turar til gapahuken, der vi av og til grillar.