SFO-Leikanger skule

SFO-Leikanger skule

SFO held ope om morgonen kl. 07.30 – 08.20. Her kan elevane ete matpakken sin, og vi har roleg frileik inne. Etter skuleslutt har SFO ope kl 13.05 – 16.30. Vi sjekkar inn elevane og et matpakke. Etter det går vi oftast ut til leik og ulike aktivitetar.

SFO er ein viktig arena der elevane får trening i å inngå nære og gode relasjonar til både vaksne og barn.

På SFO kan elevane i stor grad leike fritt, også på tvers av klasser. Deira evne til å ta kontakt med andre, og skape nære relasjonar over tid, blir utvikla i positiv retning på ein god SFO. Vår oppgåve som vaksne er å engasjere oss, og støtte dei i denne prosessen.

Vi er ein SmART SFO, og vidarefører det positive arbeidet som skulen gjer. På den måten vil vi bidra til trivsel og glede i leik og læring, og vere ein utfordrande og trygg stad for fellesskap og venskap.SmART oppvekst er ei anerkjennande grunnhaldning med fokus på styrkar, kombinert med systematisk trening på sosial kompetanse:

Styrkefokus – Medverknad – Anerkjenning – Relasjonar – Trening

Vi har uteleik i all slags vær, i eit fantastisk uteområde; kunstgrasbane, ballbinge, ulike klatrestativ, område for sykling, sandkasseleik og mange spennande uteleiker. I tillegg tek vi ofte turar til gapahuken, der vi av og til grillar.