Gratis ferietilbod for barn og ungdomI veke 26 inviterer vi til gratis aktivitetar i skuleferien for barn og ungdom frå 6 til 17 år. Tilbodet er støtta av tilskot frå Bufdir. Adobe Stock Gratis badingMåndag til fredag kl. 12.00–14.00 kan du kome på Sunnmørsbadet og bade gratis. Alle skriv seg på liste i badeland.Opningstidene til Sunnmørsbadet finn du på nettsidene til Sunnmørsbadet.Gratis kino Adobe Stock Tysdag 23. juni kl. 12.00: Goat (aldersgrense 6 år)Fredag 26. juni kl. 21.00: Kraken (aldersgrense 12 år)Det vert også gratis kino kvar fredag for ungdom. Du kan sjå programmet på konserthuset sine sider. (programmet vert oppdatert fortløpande og du booker kinoen her) Dette er eit trygt og kjekt tilbod der barna kan vere saman med vener og ha gode opplevingar i ferien.Vi ønskjer alle velkomne til ei aktiv og fin sommarveke! Publisert 19.06.2026 14:15 Sist endra 19.06.2026 14:15