Kabylsk vev

 

Kabylsk vev er ein enkel vev som kjem frå Kabylia i Algerie. Når ein veve så ser det ut som den er laga på strikkemaskin. Når kabylene i Algerie vever, slår dei ofte staur ned i bakken og lager renning mellom dei. Då blir det ei lang renning, og ofte må ein vere to for å veve. 5+7.trinn har laga ein mindre vev og brukt ein treplanke som dei har slått spikar ned i.

Å kunne få utfolde seg i praktiske fag gjer at elevene får erfaring med å bruke ulike verkty. I den kreative prosessen fram til eit ferdig produkt lærer elevane på andre måtar, som kan stimulere til nytenking. Det er viktig for å utvikle både kloke hovud og kloke hender. Samfunnet treng begge deler, og soleis er praktiske fag som kunst og handverk viktig i opplæringa.