Snart sommarferie på Moltu skule!

På Moltu skule har det foregått ein heil del i løpet av mai og juni. Vi har hatt engelskdagar, idrettsdagar, turdagar, 7.klassetur, rebus, og mykje meir. Høgdepunktet var kanskje sommarfesten som vi i år hadde høve til å gjennomføre akkurat slik vi var van med frå før.  

På slutten av eit skuleår er det mykje som skal ordnast, gjerast, opplevast og leggast til rette for. Vi har tatt i mot fire nye elevar som startar i 1.klasse i august, og vi skal takke av dei kjære 7.klassingane våre som no skal ut i ei litt større verd. Og dei som skal vere her nokre år til, skal avslutte året og førebu seg på nytt skuleår eit trappetrinn over. 

Nokre av dei tilsette skal og ut i andre arbeidsoppgåver, og andre kjem tilbake. Moltu skule har vore ein god stad å vere for både tilsette og elevar, og det vil vi fortsette å arbeide for. På slutten av skuleåret nærmar vi oss punktet for når det er fullt i topplokket, og elevane har behov for litt andre skuledagar enn elles. Sjå biletserien og kva vi vi har styrt med dei siste vekene.