Satsingsområde 2023-24

Satsingsområde 2023-24

Stokksund skule har desse satsingsområda:
 

Satsingsområde 

Stokksund skule har to satsingsområde skuleåret 2023-2024.  

Trygt og godt skulemiljø 

Opplæringslova §9a er elevane si arbeidsmiljølov. På Stokksund skule har vi nulltoleranse for mobbing, krenking og trakassering. Dette gjeld alle vegar. Ingen har rett til å krenke nokon, og alle har rett til å ha det trygt og godt. Alle som arbeider i skulen har plikt til å melde frå dersom nokon vert mobba. Skulen er avhengig av eit godt samarbeid med heimane og bygdefolk for å skape eit trygt, godt og inkluderande læringsmiljø. Det skjer mykje på fritida, ikkje minst på nett, som påverkar skulekvardagen til elevane. Alle har plikt til å gripe inn og varsle dersom ein opplever at nokon vert mobba, krenka eller trakassert. Ein kan varsle til kontaktlærar eller rektor. 

I år vil vi arbeide spesielt med å utvikle samarbeidet med foreldra. Vi legg ekstra fokus på klasseforeldremøta og vil gjennom desse skape rom for felles refleksjon kring ulike tema som er aktuelle i skulekvardagen. 

Skulen er også aktiv deltakar i ulike tverrfaglege samarbeid som skal bidra til at vi lukkast å gje alle elevar eit trygt og godt miljø. 

Lesing og implementering av Herøy kommune sin leseplan. 

Lesing er ei grunnleggjande ferdigheit. Å kunne lese er å skape meining frå tekst. Lesing gir innsikt i andre sine erfaringar, meiningar, opplevingar og skaparkraft, uavhengig av tid og stad. Lesing av tekst på papir og digitalt er ein føresetnad for livslang læring, og for å kunne delta aktivt i samfunnslivet på ein kritisk og reflektert måte. 
Herøyskulen skal i år starte arbeidet med implementering av overordna leseplan. Målet med planen er å få eit betre og meir felles arbeid med språkstimulering og leseopplæring i skulane i Herøy.  Læraren /pedagogen si rolle som modell vert vektlagt: Den vaksne er modell i alle situasjonar,  gjennom innlæring av ulike metodar og læringsstrategiar og gjennom å motivere til lesing. 

«Størst i verda er alfabetet, då all visdom finst i det, utanom dugleiken å setje det saman.» 

- Lewis Carroll-