Vi har 27 tilsette medrekna lærarar, assistentar, spesialpedagogisk medarbeidar og administrasjon.
Ungdomsskuledelen med tilhøyrande idrettsbygg, vart teken i bruk i 1974 og huser elevar frå krinsane Tjørvåg, Myrvåg, Moltu og Leikong.
På barneskulen har vi elevar som krinsar til Tjørvåg og Myrvåg. Barneskulen sitt bygg er av nyare dato, og vart teke i bruk i 1999.
Skulen ligg i eit fint og roleg område i Tjørvåg, med gangavstand til både fjell og fjøre. Skulen har eit stort utearel som innbyr til aktivitet og fri leik. Skulen har tilbod om SFO etter skuletid.