Prosjektveke om berekraftig utvikling

Kunstverk av søppel - Klikk for stort bilete Ytre Herøy ungdomsskule

I veke 24 hadde 8. trinn ved Ytre Herøy ungdomsskule, ei flott prosjektveke med temaet berekraftig utvikling. 

Gjennom veka fekk elevane utfolde seg kreativt ved ulike val av oppgåver. Det var anten å bruke mat som daglegvarebutikkane i området skulle kaste, og som elevane gjorde om til eit flott tapasbord. Eller så forvandla dei søppel frå grøftene til kunstverk og hadde kunstutstilling. Det siste valet var å bruke kle som ikkje lenger var i bruk, og å reparere eller redesigne desse. Dette viste dei fram på catwalk for resten av trinnet. Dei tok utgangspunkt i FN sine berekraftmål, og laga TikTok om arbeidet sitt. 

Vi var så heldige å ha SSR på besøk som heldt foredrag til elevane om kvifor og korleis dei sorterer og resirkulerer som dei gjer. Elevane var også på gjennvinningsstasjonen på Mjølstadneset for å lære om korleis ein skal kaste avfall korrekt. 

I samarbeid med Fallgard og SSR, hadde vi strandrydding og Hornsetstranda. Der plukka elevane 80 kg søppel!

Takk til positive og dyktige bedrifter som samarbeida med oss denne veka! SSR, Fallgard, Rema 1000, Kiwi og Spar.