Gryande gartnerar

Idag har vi fått hjelp til å ordne det haustleg og fint rundt skulen.

 

 

Med sponsorhjelp fra Kvalsund gartneri og flinke elevar har vi fått planta flotte haustplanter ved inngangspartia våre.  Det vart så fint og flott!

HAUST

Kven gjestar mitthus så seint på kveld? 

Eg tykkjer det tuslar ute,

Men bankar på døra gjer ingen lell,

det er berre vinden som stig og fell

og regnet som driv mot rute.

 

Hausten er det som gjestar mitt bu,

han eig ikkje ynk eller nåde,

i hagen snøyer han stuv for stuv,

og ugla skrik frå sitt døkke juv

at no snart skal natta råde.

 

Men sørg ikkje, hjarta, for sol som snur,

for dagar som snøgt tok ende,

hugs natta eig meire enn dagen trur:

når mørkret sig over berg og ur

blir evige stjerner tende.

 - Ragnvald Vaage-

 

Med ønskje om ein flott haust!