VM-FEST

VM-FEST

VM-fest i Bergslia barnehage

I Bergslia barnehage hadde vi ein dag med fokus på VM i Trondheim. Vi starta med ei samling der vi snakka og reflekterte over kva VM er, kva dei gjer å alle nasjonalitetane som møter i Trondheim for å delta men også som publikum og heiagjengar. Vi lærte også at den fargerike VM-logoen er ein logo som skal vise fellesskap, folkefest inkludering og bærekraft. Dei forskjellige fargane skal vise mangfold, medan symbola vise eit fellesskap ved at nokon mennesker står rundt jordkloden og tar vare på jorda. 

Vi fekk sjå og lære at maskoten «snedi» er ein kombinasjon av snømann og fugl, med fargerike fjær som symbolisera FNs bærekraftmål. Vi fekk høyre ei fortelling om «snøborgen-ei fortelling om snedi» der fokuset var fellesskap og samarbeid. Alle barna fikk mala norskeflagg i ansiktet, fargelagt snedig, dansa dansen og høyrt på snedi-songen. Dei som ville fekk sjå mannane gå 10 km klassisk på storskjerm. 

Ute hadde vi VM-løype med 6 spørsmål samt to stafettar. Det var stort engasjement, heiing og vifting med det norske flagget. Alle deltok til slutt i ein medaljeseremoni og fekk diplom for gjennomført VM-løype med norge sin nasjonalsong i bakgrunnen.