Ferie

Ferie

Ferie

Barna skal i løpet av barnehageåret ha fire veker ferie. Der 3 veker skal være samanhengande ferie i løpet av sommarmånadane , jamfør vedtektene. 

Dei tilsette har rett å vite sin ferie 01.05, og styrar lagar ferieplan ut frå både føresette og tilsette sine ønsker.

Sommarferie

I Bergslia barnehage kan vi ha ope heile sommarferien dersom behovet er der. Men der må minst være 5 barn som har behov for å vere i barnehagen kvar dag. Styrar sender ut melding til alle føresette i mars/april, der dei må melde inn sin ferie. 

Dei borna som skal starte på skule eller slutte i vår barnehage, må vere ferdig med sin ferie innan nytt barnehageår startar. Nytt barnehageår startar alltid i veke 32.

Barnehagen skal vaskast ned i sommarferien, og det blir dei vekene her er færrast barn. Vi slår saman avdelingane, og har litt annleis dagar.

Bergslia kan samarbeide med andre barnehagar i sommarferien. 

Juleferie

Barnehagen har åpent til og med lisjejulafta og har stengt i romjula. Så første dag etter juleferien er 2 nyttårsdag. 

Påskeferie

Onsdag før skjærtorsdag er barnehagen alltid stengt, jamfør vedtektene.

Mandag og tirsdag forut, brukar styrar å spørje alle føresette kva behov dei har for barnehageplass. Dette gjer styrar for å kunne planlegge drifta på ein god måte.