Tilvenning

Tilvenning

Velkommen til barnehagelivet

Tilvenningstid er det vi kallar bli kjend perioda. Og det kan opplevast ulikt frå barn til barn. Det er ganske umulig å sei på førehand korleis det skal bli, derfor er det også vanskelig å lage ein fast plan for tilvenningstida, då alle barn er så forskjellige, men å ha nokre kjøyrereglar kan likevel vere greit.

Barnehageopptaket blir klart midt i mars månad kvart år.
Barnehagen inviterer til ein besøksdag for dei nye som skal starte opp, tidleg i juni. Vi set barnet i sentrum, og ser kva behov det har. 

Tilvenning: Målet vårt er at overgongen frå heim til barnehage ikkje skal opplevast som eit brudd, men som ei utviding av muligheitene for kontakt og nye erfaringar. Like fullt inneber overgangen til barnehagelivet ein lausrivningsprosess for både barn og foreldre. Det kan opplevast som vanskeleg å overlate barnet til menneske ein ikkje kjenner. Ein kan bli usikker på om ein gjer det rett for barnet, og på om barnet vil få det godt her og trivast. Disse følelsane opplever dei fleste foreldre, om det kan hjelpe, så snakk med barnehagen om det. Tilknyting til nytt miljø og nye situasjonar er ein prosess som kan ta litt tid.

Tid: Det viktigaste vi gir barna i oppstarten er tid! Vi har som mål å legge til rette for og gi ei best mogleg tilvenning for alle partar. Der barnet blir tatt godt vare på og foreldre føler seg sett og hørt.

Vi vaksne i barnehagen har lang og god erfaring med tilvenning av små barn. Og vi veit at det går betre så lenge vi gir barna tid og rom til å bli kjende, trygge og varme i trøya.

Og for dokke foreldre sin del, handlar dette om å sette av tid. Vi anbefalar at dokke også beregnar litt meir enn tre dagar, der dokke er «tilgjengelige» og at barna ikkje har så altfor lange dagar den første tida.

Kommunikasjon: God kommunikasjon og godt samarbeid mellom oss og foreldre er alfa omega. For at dei minste barna skal få ein best mogleg start er det viktig at barnehagen og foreldra tidleg etablerer eit godt samarbeid og ein god kommunikasjon. Vår veg til barna si tryggheit går i stor grad gjennom at foreldra blir trygge på og viser uttalt tillit til barnehagen og personalet. Barnet opplever og ser at dette er personar mamma eller pappa snakkar hyggeleg med, smiler og viser tryggheit overfor og dette bidreg igjen til å barnet lettare vil kunne finne seg til rette: foreldra har vist at barnehagen er ein trygg stad å vere. Det er også viktig at vi får vite mest mogleg relevant informasjon om barna.

Eit eksempel på dei første dagane

Første dag: Denne første dagen bør foreldra halde seg nær barnet og vere tilgjengelig heile tida. Det er viktig for tilknytningsprosessen at foreldra er aktivt med på å introdusere det nye miljøet og dei fungerer som ein trygg hamn (base) og kome tilbake til. For personalet vil det å kunne sjå barn og foreldre saman gi viktig informasjon om barnet sine vanar, korleis det kommuniserer osb. Foreldre og barn er saman i barnehagen opp til eit par timar.

Andre dag: Startar etter avtale med personalet. Foreldra er fortsatt saman med barna, men no er det kanskje moglegheiter for at personalet kjem nærare barnet. Og kanskje kan foreldre gå frå avdelinga ei stund. Barn og foreldre er med i barnehagen og et lunsj saman. Og kanskje søv barnet i barnehagen. Foreldre og personalet avtalar for neste dag.

Tredje dag: Personalet og foreldre avtaler vidare plan for dagen, foreldre er med barnet inn og er saman med det. Dersom det er mogleg kan foreldre gå fra barnehagen og barnet er saman med personalet: Utgangspunktet her vil vere kor langt i tilknytningsprosessen barnet har kome på dei to første dagane. Hugs, det er ikkje eit mål å bli fortast mulig tilknytt nye vaksne, men å ta det i barnet sitt tempo. Personalet i barnehagen har ein god dialog med foreldra gjennom dagen og vidare framover

Korleis ta avskjed med barnet:

Når ein skal ta avskjed er det viktig å vere klar over at det alltid er dei vaksne som saman skal ta ansvar for avskjeden, ikkje det vesle barnet. Det er foreldra som skal gå, så det er viktig i denne prosessen at du går når du seier hadet. Vær så snill og ikkje forvent eller krev at barnet seier hade til dokke. Å håpe på eit smil og et vink er heller ikkje så lurt. Det vil mest sannsynleg kome etter kvart når tryggheita er godt etablert. Det beste ein kan gjere er å gi barnet til oss, seie hade og så gå.

Prøv så god det let seg gjere å ikkje vise usikkerheit. Gå når dokke sei dokke skal gå. Det er viktig at barnet får erfaring med at de ikkje går før de seier frå. Ver trygg på at barnet får trøyst når det er lei seg. Om de viser usikkerheit blir barnet usikkert også, og tilknytinga tek lengre tid.

Nokon foreldre vil oppleve at barnet græt ved avskjeden om morgonen. Både barn og foreldre kan oppleve det å ta avskjed som ein litt smertelig prosess i starten. Vår erfaring tilseier imidlertid at gråten stilnar like etter at foreldra er ute av syne. At barnet græt når det går er som regel ein sunn reaksjon på noko som er uvant eller litt utrygt. Føler de utryggheit etter å ha fortate eit gråtande barn, ring eller meld oss. Vi sender også ofte melding til dokke for å gi ei tilbakemelding på korleis barnet har det.

Vår erfaring tilseier: Barna har det godt, dei blir relativt raskt trygge. Dei får vener, dei får utvikle og sosialisere seg i eit tilrettelagt miljø med andre barn på same alder og delvis nivå, og knyte sterke band og relasjonar til flotte og erfarne vaksne og jamnaldringar i barnehagen