Avdelingane

Avdelingane

Avdeling 0-3 år Marihøna.(12-15 barn)                                                                                                           

Marihøna er for mange det første møtet med barnehagelivet.  Overgangen frå det trygge «heimelivet» til det ukjende i barnehagen kan for mange vere stor. Vi brukar derfor god tid på tilvenning der barna skal bli trygge, bygge relasjonar og øve seg på samspel. Vår kvardag med dei minste barna handlar ofte om å vere her og no   .                                                                                                                                                                                           

Foreldresamarbeidet står sentralt og er ein viktig del av det å få til ein god barnehagekvardag som er forutsigbar og gjenkjenneleg. Tryggheit, trivsel og gode relasjonar er eit nødvendig grunnlag for leik, læring og utvikling i barnehagen.

Dei vaksne er nede på golvet ,er engasjerte og deltek i barna sin leik, samspel og utforsking. Samtidig er dei eit trygt fang barna kan kome til når dei treng det. I leiken er den vaksne støttande og leikande ,og hjelper barna til å skape gode relasjonar og vennskap.

Avdeling 3-6 år Hakkebakken. (18-21 barn)                                                                                                         

Bergslia har som mål at alle skal føle seg sett og høyrt, ha ein eller fleire venner og føle seg inkludert i gruppa.         

Å støtte barna i å etablere vennskap og sikre at alle barn kjenner seg som ein verdifull person for fellesskapet i barnehagen er vår hovudprioritet. Vi skal være nære, varme og grensesettande vaksne. Det å inkludere kvarandre, barn og vaksne i fellesskapen er det viktigaste vi jobbar med i barnehagen. Å høyre til er grunnleggande for alt det vi held på med. 

Slik ser Bergslia Barnehage ut: