Om oss

Bergslia er ein kommunal barnehage med to-avdelingar som ligg i skuleområde på Bergsøya.  Den raude barnehagen ligg sentralt til med nær gangavstand til kulturhus, bibliotek, Sunnmørsbadet, kyrkja, skulane og det fine turområdet på Heid. 

Nærmiljøet gir oss fine motoriske utfordringar og eit aktivt uteliv i høve til turar og opplevingar.

Barnehagen vart bygd i 1990 og er den minste i ytre Herøy med om lag 30 barn.

Avdelingane er Marihøna for 0-3 år og Hakkebakken for 3-6 år. Barnehagen har lyse, trivelege lokale og eit solrikt uteområde på ei flott kupert naturtomt som innbyr til allsidig leik og stor trivsel. 

Slik ser Bergslia Barnehage ut, film: Lone Seljeseth/Bergslia Barnehage: